Albumet
Rakkarpakk møter folk i det nære, varme og leikande med folkesong og forteljing. Dei skapar rommet der folk får møte tradisjonen i det mellommennesklege. Det er ikkje det konkretmusikalske som utgjer Rakkarpakk, men summen av opplevinga. Dei badar, syng, skrattar, sveitter og fortel med sitt publikum.
KVADBAD vart spela inn på Oslo Badstuforening i august, og er produktet av deira konsertserie med same namn. Konsertserien fann stad hausten 2022 og våren 2023, kvar alle konsertane vart utselde! Her vart folkesong og forteljing tett fletta saman med badstovenyting og bad, i eit håp om å kome nærare publikum. Musikalsk baserer gruppa seg på den norske vokalmusikken og klér den i ny, trestemt drakt. Med bakgrunn i både improvisert musikk, tidlegmusikk og ensemblesang, er arrangementa prega av ulike stiluttrykk og eit sterkt formidlingsfokus – alltid med leik i høgsetet.

Innspelinga vart gjort badstova Albatrossen, nett der konsertserien har gått føre seg. Målet var å dokumentere den spesielle konsertopplevinga vi skapa med KVADBAD, og med oss på dette galskapsprosjektet fekk vi lydteknikar Audun Strype og produsent Ståle Ytterli. Les meir om seien lenger ned.
Prosjektet var gjort mogleg med stønad frå Creos vederlagsfond, Furestiftinga og BandOrg, og blir gjeve ut på Melovitten plateselskap.

“…eit fenomenalt manifest…”
— Are August Flannagan Furubotn (NRK)
Les NRK sin anmeldelse av abumet her:
https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-_kvadbad_-av-rakkarpakk-1.16752991
“Første gang jeg har fått frysninger i en badstue…”
— Pettter, 30 år

Konsertserien
Badstova legg til rette for folkesongen på ein heilt eigen måte: folk sit tett og lyttar. Ein høyrer berre pusten, knitring fra omnen og sus frå byen. Folk står fritt til å slappe av, le og gråte slik dei ynskjer. Vi ville skape ein arena der folkesongarane stod i fokus og ein samlingsstad for forteljarkunsten.
Det er til no arrangert 11 konsertar i serien, alle i badstova Albatrossen. Trioen engasjerer folkesongmiljøet ved å skape samarbeidskonsertar med songarar fra ulike tradisjonar. Prosjektet er i så måte òg eit miljøbyggande tiltak for folkesongen i Oslo.
Gjestekvedarar

Lars Fivelstad
Isa Holmgren
Synnøve Brønbo Plassen

Silje Risdal Liahagen
Eir Vatn Strøm
https://www.facebook.com/eirmusikk?locale=nb_NO
Øyonn Groven Myhren

Hilda Sofie Løken Taklo
Signe Dorthea Krohn Gjessing