Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Med

påverknad frå, og dyrking av medlemma si verksemd innan andre sjangrar som tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk og

ensemblesong, skapast gruppa sitt unike uttrykk.

Dei består av Martin Steinum Brun, Victoria Oftestad og Vera Sonne.

Turné i Jotunheimen! Film og klipp: Johannes Laukvik Nannestad og Endre Gjendem

I musikken fokuserer me på ein improvisatorisk tilnærming til arrangering, som ivaretek den solistiske kvedartradisjonen, men òg utfordrar dei etablerte rammane for vokal folkemusikk i ensemblesamanheng.

Forteljing og folkesong har alltid gått hand i hand. Gjennom århundrar har historier og songar vorte spreia i situasjonar der folk møtest, og det er denne forteljartradisjonen Rakkarpakk som gruppe identifiserar seg med og vil utforske. Me set pris på både tradisjonskunnskap og leik i vårt uredde uttrykk.

Me er rakkarar

Blogg på WordPress.com.